Tilbake til alle arrangementer

Åre 2023


Tru det eller ei, men 19.-22. januar skal V&A reisa til Åre for ein helg fylt med ski og festligheitar. Åre er noko av det største ein kan oppleva som student, så få med deg klassekameratane dine og bli med oss å utforska svenske skibakkar, ølprisar og afterskibarar.

"Men, kva er Åre?", spør du kanskje deg sjølv. Vel, Åre er tida kor du kan nyte den fantastiske blandinga av billig svensk alkohol, kjekke dagar i skibakken og ikkje minst nyte det gode selskap av dine venner. Det blir aktivitetar som Årelekane, Hytte til Hytte og Afteskifest. I mange år har V&A dratt til Åre, og det har konsekvent blitt ein langhelg utan like som mange hugsar som ein av høgdepunkta av deira tid i V&A. Her kjem litt praktisk info:

  • Åre tek sted 19.-22. januar

  • Billettslipp skjer onsdag (16. nov) 14:00 via Google-skjema

  • Billetten kostar 2 887kr

  • Betalingsfrist er 8. desember (kan diskuterast)

  • Det er totalt 80 plassar til Åre

Om du har spørsmål så send ein e-post til nestleder@volvox.no eller Jens Cranner Dahle på Facebook.

Så spre det gode ord, og BLI MED TIL ÅRE!!

Forrige
Forrige
7. desember

Førjulsforedrag med Kjetill Østgaard og Bjørn Hafskjold

Neste
Neste
25. januar

Bedriftspresentasjon med Avfall Norge